DRAGSVIK

Dragsvik er ei lita perle som har unike natur kvalitetar og ligg på nordsida av Sognefjorden i Balestrand kommune. Det bur ikkje så mange fastbuande menneske på Dragsvik, naturen tiltrekker, og fleire byggjer seg feriehus her. Det er mange fine turmuligheiter og merka stiar i skog, mark og til fjells.

Det er lett å kome seg til Dragsvik, spesielt med bil. Ferja kryssar Sognefjorden frå Hella og Vangsnes frå sørsida av Sognefjorden, og Dragsvik er innfallsporten til Balestrand. Du er på Nasjonal Turistveg Gaularfjell www.gaularfjell.no.

Kjem du med ekspressbåten frå Bergen eller Flåm, er innfallsporten Balestrand sentrum/kai. Derifrå kan du ta buss til Dragsvik , leig ein bil som står klar for deg på kaien når du kjem, kontakt www.leigebil.no , eller du kan bestille transport ved å kontakte hotellet.